Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Om Kyrkja

Om Fjon Fjellkyrkje - Historikk og drift.


Idèen til bygginga vart lagt fram på eit soknerådsmøte i Masfjorden våren 1975. Den vart presentert på Prostimøtet på Manger 27.mars 1976. Sokneråda i Masfjorden hadde fått ein tomt frå Alfhild og Henning Haukeland, den skulle nyttast til kyrkjelege formål.

Arkitekt Helge Hjertholm vart kontakta for å utarbeida eit forprosjekt.

21.10.1978 vart vedtekter for skipnaden "Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter" framlagde og vedtekne på eit møte med representantar frå sokneråda i Nordhordland Prosti. Eit råd med representantar frå alle sokneråda i prostiet og prestane er ansvarlege for verksemda.

Ved vedtak på rådsmøtet 28.05.2024 og påfølgjande stiftingsmøte vart så organisasjonsforma endra til foreining, der sokneråda i prostiet er foreinga sine medlemmer og der ein framleis står saman om ansvaret for drifta.

Det vart vald eit styre på ni personar, der soknepresten i Masfjorden er fast medlem.

Bygginga

Skirtorsdag 3.april 1980 var det friluftsgudsteneste på tomta, og ikring 200 var tilstades. Prost Steinar Ihle la ned grunnsteinen. Han ligg der altarpartiet er i dag.

Sumaren 1980 tok gravearbeidet til, og bygget reiste seg sakte men sikkert.

Ein stor dugnadsinnsats har vore gjord. Kvinner og menn, unge og eldre frå heile Nordhordland har vore med i arbeidet. I alle typar vèr har dei stått på og teke i eit tak. I alt vart det brukt ca. 6000 dugnadstimar på bygginga av kyrkja.

Innreiingsarbeidet

På rådsmøtet 9.november 1985 vart det gjeven klarsignal til dette arbeidet. Trygve Minde fekk ansvar for dugnadsarbeidet. Etter eit år, då alle pengane var oppbrukte held han fram med dugnadsarbeid. Han fekk med seg Anton Lothe og dei kunne arbeida frå kl.05.00 til midnatt. Anton Lothe er òg meister for steinveggane utvendig. Desse to klarte på det nærmaste og fullføra innreiingsarbeidet.

Vigslinga av kyrkja

Sundag 16.august 1987 i strålande vær vart kyrkja vigsla av vik. biskop Nils Monstad. Det var ein kyrkjelyd som skein av glede, som var til stades denne dagen. Her var dei til stades, dei som hadde arbeidd, gjeve gåver og bede for Fjon gjennom mange år.

Fjon i dag

Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter er i dag ein mykje brukt stad. Den vert hovudsakleg brukt til weekendar av ulike lag, organisasjonar, kyrkjelydar og privatpersonar. Det er også fast Olsokstemne 29.juli. Sokneråda i Prostiet har ansvar kvar sine gongar for Olsokstemne.

Dei siste åra har også dags-utleige auka. Dei fleste helger haust/vinter/vår er utleigd. Om sumaren er det litt roligare.

Økonomien til Fjellkyrkja har vore veldig varierande opp gjennom desse åra. Det har nok hendt at dei ulike kasserarane har "forskottert" litt. Dei siste åra har dette betra seg. Det har vorte brukt mykje pengar på å rusta opp kyrkja slik det var tenkt frå byrjinga.

Kyrkja var gjeldfri 1.april 2004, sidan har den økonomiske situasjonen ved kyrkja vore stabil. Men det er enno mange utfordringar når det gjeld vedlikehald av kyrkja framover. Dei siste åra har det vorte gjort mykje arbeid utvendig og innvendig. Det siste store prosjektet var totalrenovering av kjøkkenet. Det vart gjort sumaren 2014- og var eit prosjekt med økonomisk ramme på 450 000,- Me fekk mykje sponsing frå private firma, BKK, Sparebanken Vest, privatpersonar, sokneråd og Masfjorden kommune.

Ein del av sokneråda i prostiet gjev normalt 1-2 offer årleg til kyrkja, og dette er til stor økonomisk hjelp og bidreg til å halda fram med oppgradering av kyrkja. Me har også vore heldige å få private gåver. Dette viser at Fjon har ein god plass i mange sine hjerter.

Det er ingen ansatte ved kyrkja, så framleis skjer det meste av arbeidet med vedlikehald og drift på dugnad.

Utdrag av Foreininga Fjon Fjellkyrkje og Ungsdomssenter sine vedtekter:

§2 FORMÅL

All verksemd som er knytt til Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter høyrer under Den Norske Kyrkja. Bruken av kyrkja/senteret må ikkje vere i strid med dette. Fjellkyrkja er vigsla til gudstenestleg bruk.
Det er ikkje tillate å nyte rusmiddel på foreininga sitt område.

Oppdatert i 2024.

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn