Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Velkomen til Fjon Fjellkyrkje

Fjon Fjellkyrkje er ein ubetent kombinert leirplass/kyrkje som ligg i Matredal i Masfjorden kommune. Kyrkja ligg vakkert til ved inngangen til dei flotte fjellområda i Stølsheimen og Matrefjella, er eigd av Masfjorden sokn og drifta av sokneråda i Nordhordland prosti. Leige er basert på eige stell og me har plass til opp til rundt 45 overnattingsgjestar ved total utnytting. Ta kontakt med oss på telefon eller bruk bookingskjemaet under for å tinga kyrkja. Sjå bookingkalender for ledige datoar. 

Olsok 2026

Tradisjonen tru vert det olsokfeiring på Fjon fjellkyrkje onsdag 29. juli kl. 18.00. Vi startar med gudsteneste leia av prest Torbjørn Sæle, musikar William Kay og solist Elin Klausen. 

På programmet vidare: Rømmegraut med tilbehør, kaffi og kaker, pris: 150 kr per pers, max 400 per familie. Vi har gluten- og laktosefrie alternativ. Det vert eit åresal - med fine gevinstar, einkelt sporløp/rebus, intervju med Fjon-styreleiar Anne Kristine Rafoss og avslutning ute ved bålpanna i grillhytta for dei som ønskjer.

Olsok på Fjon har lang tradisjon og er eit felles arrangement for heile Nordhordland. I 2026 er det Radøy sokn som arrangerer olsokfeiringa saman med styret for fjellkyrkja. Velkommen til alle!

Oppgradering - takk for støtte!

Sommaren 2024 vart gjort eit stort arbeid for å oppgradere deler av dusjavdelinga. Det er no tre flotte, separate dusjrom, samt eit eldre, felles dusjområde.

Våren 2025 vart det starta montering av nye lampar i heile fjellkyrkja. Styret ønskjer å retta ei stor takk til Terje Romarheim og Romarheim AS for støtte i samband med utskifting til nye led-lampar. Vi vil også takka alle som har bidratt via Spleis, andre gåver og med dugnadsarbeid. Vil vera med bidra til vidare oppgradering av fjellkyrkja - gje ei gåve på Vipps #945857 eller konto 3632.58.68953. 

Fjon har blitt Foreininga Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter

Så har Fjon blitt foreining! - Foreininga Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter! Det skjedde ved stiftingsmøte tirsdag 28.mai 2024, like etter eit siste, avsluttande rådsmøte. Brønnøysundregistrene hadde ingen plass for oss, slik vedtektene har vore utforma, så noko måtte endrast. Og då vart det foreining. Huset er det framleis Masfjorden sokn som eig, men med sokna i Nordhordland som foreiningsmedlemmer skal vi halde fram og drive Fjellkyrkja i same gode fellesskap slik det har vore gjort heilt frå starten. Så slik sett er ingenting endra, men ei heilt nødvendig organisatorisk endring er no i mål!

Familiefilm spelt inn på Fjon

Vil du sjå korleis Fjon og området rundt ser ut på film? Familiefilmen Birk og Magna er i stor grad spelt inn i og ved fjellkyrkja og vann puplikumsprisen på barnefilmfestivalen i 2023, og vant også en internasjonal barnfilmfestival i India nå i 2024.

Et par eksemplar av filmen i DVD-format er nå tilgjengelig for visning ved opphold på Fjon for alle som ønsker det.

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn