Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Velkomen til Fjon Fjellkyrkje

Fjon Fjellkyrkje er ein ubetent kombinert leirplass/kyrkje som ligg i Matredal i Masfjorden kommune. Kyrkja ligg vakkert til ved inngangen til dei flotte fjellområda i Stølsheimen og Matrefjella, er eigd av Masfjorden sokn og drifta av sokneråda i Nordhordland prosti. Leige er basert på eige stell og me har plass til opp til rundt 45 overnattingsgjestar ved total utnytting. Ta kontakt med oss på telefon eller bruk bookingskjemaet under for å tinga kyrkja. Sjekk bookingkalendar for ledige helger. 

Fjon har blitt 'Foreininga Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter'

Så har Fjon blitt foreining! - Foreininga Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter! Det skjedde ved stiftingsmøte tirsdag 28.mai 2024, like etter eit siste, avsluttande rådsmøte. Brønnøysundregistrene hadde ingen plass for oss, slik vedtektene har vore utforma, så noko måtte endrast. Og då vart det foreining. Huset er det framleis Masfjorden sokn som eig, men med sokna i Nordhordland som foreiningsmedlemmer skal vi halde fram og drive Fjellkyrkja i same gode fellesskap slik det har vore gjort heilt frå starten. Så slik sett er ingenting endra, men ei heilt nødvendig organisatorisk endring er no i mål!

Olsokfeiring på Fjon

Her kan du lesa frå olokfeiringa 2024.

Familiefilm spelt inn på Fjon

Vil du sjå korleis Fjon og området rundt ser ut på film? Familiefilmen Birk og Magna er i stor grad spelt inn i og ved fjellkyrkja og vann puplikumsprisen på barnefilmfestivalen i 2023, og vant også en internasjonal barnfilmfestival i India nå i 2024:

Et par eksemplar av filmen i DVD-format er nå tilgjengelig for visning ved opphold på Fjon for alle som ønsker det.

Trailer Birk & Magna - Gruvens mørke hemmelighet (Youtube)

Oppgradering av dusjavdelinga

I sommar er der gjort eit stort arbeid for å oppgradere dusjavdelinga. Den eine avdelinga er no delt inn i tre separate dusjrom. Planen er at også den andre avdelinga skal følgje etter, men det er kostbart arbeid, slik at ein fann det mest hensiktsmessig å vente med resten. Det betyr sjølvsagt at den eine avdelinga framleis er fullt inntakt og kan nyttast som før.

   

 

Svarskjema

Felter markert med * må fylles ut



Vent 3 sekunder for å sende.

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn