Praktisk info

Antall sengeplassar:

Soverom 1 og 2 - 1.etg: 1 stk "familiekøye" + 1 enkel seng = 4 sengeplassar
1 stk hems for max 3 personar. Totalt max. 7 personar pr.rom

Soverom 3, 4 og 5 - 1.etg: 1 stk "familiekøye" med max. 3 sengeplassar
1 stk hems for max 2 personar. Totalt max. 5 personar pr.rom

Soverom 2.etg. (har ikkje vask på romma):
2 stk rom med 1 stk "familiekøye" + 1 enkel seng = 4 sengeplassar. Totalt max 8 personar pr.rom
1 stk rom med 2 stk "familiekøye" = Totalt max 6 personar.

Totalt 29 personar på soveromma i 1.etg.
Totalt 14 personar på soveromma i 2.etg.

Totalt 7stk personar på hems over peisestova (Madrassar bukes på gulvet).
Totalt kan kyrkja (ved maksimal utnytting) romma ca 50 personar for overnatting

Dette finn de av utstyr/fasilitetar:
  • Høgtalaranlegg, TV (utan antenne for mottak av progr.), video(VHS)-/DVD-spelar, projektor fastmontert- (kun med HDMI-inngang), projektorlerret transportabelt og fastmontert. Blue-Ray spelar som kan koplast på prosjektor.
  • Piano
  • Songbøker: Rop det ut, Norsk Salmebok (få eksemplar).
  • Nattverdutstyr, gudsteneste-, liturgi- og melodibøker for den siste salmeboka
  • Bordtennisbord. Kan vera lurt å ta med racketter og ballar! Ligg litt i skap i gang v/kjøkken.
  • Utstyr for uteaktivitet: Mini-fotballmål, volleyballstativ (lurt å ta med ballar).
  • Moderne kjøkkenmed stor oppvaskmaskin, kombidamper, stor platetopp, steikeovn , mikrobølgeovn, kjøleskåp, fryseboks, kaffitraktar, vatnkokar, vaffeljern, mikser
  • Eventuelt dekketøy som vert knust, må erstattast med kr 20,- pr del.
  • Førstehjelps-skap/koffert med utstyr - heng på HK- WC i hallen.
  • Alle golv i 1. og underetg. har varmekabel. Gode toalett- og dusjanlegg. Vask på romma i soveromsfløyen (1.etg.), men ikkje i 2.etg.
  • Der er peis og vedovn. Ved ligg til bruk i vedbod v/inngang.
  • Der er puter og dyner på lager-kott 2.etg.(rett fram - opp trappa til 2.etg) Hugs å ta med dynetrekk eller sovepose, laken og putetrekk.

Bruk / lån av dyner:
Der er 30 dyner og puter til utlån for dei som ynskjer. På leigar sitt ansvar kan desse lånast om ein har medbrakt dynetrekk/laken/putevar. Etter bruk skal lånte dyner og putar leggjast attende i oppbevaringkott (2.etg).

Grilling - grilloverbygg:
Vi har fått utandørs grillplass med fast grillpanne og stort overbygg med sitjeplass for mange. For å nytta grillen må ein sjølv ta med nødvendig grillkol og tennvæske. Restar som står på fjellkyrkja kan brukast.

Korleis kome seg til fjellkyrkja?
Buss
Næraste busshaldeplass heiter «Nedre Storavatn» og ligg på E39 like før Masfjordtunnelen retning frå Bergen. Det er omtrent 1 km å gå frå busshaldeplassen til Fjon Fjellkyrkje. Ein føl vegen Indre Haugsdal, like forbi ein campingplass som ligg til venstre for vegen kjem ein til eit vegkryss. Her tek ein til høgre og føl vegen fram til fjellkyrkja. Det er skilta til Fjon Fjellkyrkje frå E39 og vegen Indre Haugsdal.

Reisetida med buss frå Bergen er omtrent 1 time og 25 minuttar. Både NOR-WAY Bussekspress (nor-way.no) og VY Nettbuss (nettbuss.no) har bussruter frå Bergen som stoppar på «Nedre Storavatn».

Bil
Frå Bergen - Køyr E39 mot Førde. Etter Romarheim tek ein av til høgre mot Indre Haugsdal, like før Masfjordtunnelen. Ein føl vegen Indre Haugsdal, like forbi ein campingplass som ligg til venstre for vegen kjem ein til eit vegkryss. Her tek ein til høgre og føl vegen fram til fjellkyrkja. Det er skilta til Fjon Fjellkyrkje frå E39 og vegen Indre Haugsdal. Det er gode parkeringsmoglegheiter ved fjellkyrkja. Det er dessverre ikkje tilrettelagt for lading av elbil ved fjellkyrkja. Anbefaler å nytta hurtigladestasjonar i Knarvik, Eikangervåg (ved Best bensinstasjon) eller i krysset til Modalen.

Køyretida med bil frå Bergen er omtrent 1 time.