Antall sengeplassar:
1 stk hems for max 3 personar. Totalt max. 7 personar pr.rom
1 stk hems for max 2 personar. Totalt max. 5 personar pr.rom
2 stk rom med 1 stk "familiekøye" + 1 enkel seng = 4 sengeplassar. Totalt max 8 personar pr.rom
1 stk rom med 2 stk "familiekøye" = Totalt max 6 personar.
Totalt 29 personar på soveromma i 1.etg.
Totalt 14 personar på soveromma i 2.etg.
Totalt 7stk personar på hems over peisestova (Madrassar bukes på gulvet).
Totalt kan kyrkja (ved maksimal utnytting) romma ca 50 personar for overnatting
Bruk / lån av dyner:
Der er 30 dyner og puter til utlån for dei som ynskjer. På leigar sitt ansvar kan desse lånast om ein har medbrakt dynetrekk/laken/putevar. Etter bruk skal lånte dyner og putar leggjast attende i oppbevaringkott (2.etg).
Grilling - grilloverbygg:
Vi har fått utandørs grillplass med fast grillpanne og stort overbygg med sitjeplass for mange. For å nytta grillen må ein sjølv ta med nødvendig grillkol og tennvæske. Restar som står på fjellkyrkja kan brukast.
Korleis kome seg til fjellkyrkja?
Buss
Næraste busshaldeplass heiter «Nedre Storavatn» og ligg på E39 like før Masfjordtunnelen retning frå Bergen. Det er omtrent 1 km å gå frå busshaldeplassen til Fjon Fjellkyrkje. Ein føl vegen Indre Haugsdal, like forbi ein campingplass som ligg til venstre for vegen kjem ein til eit vegkryss. Her tek ein til høgre og føl vegen fram til fjellkyrkja. Det er skilta til Fjon Fjellkyrkje frå E39 og vegen Indre Haugsdal.Reisetida med buss frå Bergen er omtrent 1 time og 25 minuttar. Både NOR-WAY Bussekspress (nor-way.no) og VY Nettbuss (nettbuss.no) har bussruter frå Bergen som stoppar på «Nedre Storavatn».
Bil
Frå Bergen - Køyr E39 mot Førde. Etter Romarheim tek ein av til høgre mot Indre Haugsdal, like før Masfjordtunnelen. Ein føl vegen Indre Haugsdal, like forbi ein campingplass som ligg til venstre for vegen kjem ein til eit vegkryss. Her tek ein til høgre og føl vegen fram til fjellkyrkja. Det er skilta til Fjon Fjellkyrkje frå E39 og vegen Indre Haugsdal. Det er gode parkeringsmoglegheiter ved fjellkyrkja. Det er dessverre ikkje tilrettelagt for lading av elbil ved fjellkyrkja. Anbefaler å nytta hurtigladestasjonar i Knarvik, Eikangervåg (ved Best bensinstasjon) eller i krysset til Modalen.
Køyretida med bil frå Bergen er omtrent 1 time.