Fjon Fjellkyrkje i coronatid

Vårt ønske er at Fjon Fjellkyrkje skal kunne fungere så normalt som mogeleg også i den aktuelle coronatida utan å vere ein stad for auka smittefare. Den grunnleggande forutsetnaden for dette, er at alle gjer det ein kan for å motverke smittefaren, mellom anna ved at all aktivitet og bruk følgjer dei råd og reglar som til kvar tid vert gjevne av sentrale helsestyresmakter og Masfjorden kommune.

 

Grunnleggande er at all bruk av Fjon normalt er å forstå som arrangement, anten privat eller offentleg, og blir regulert av Covid-19 forskrifta sine § 13 og 13a  og at ein overheld gjeldande avstandskrav, krav til reinhald og krav knytt til matservering.

 

Redusert tal soveplassar

Eit viktig, men også avgrensande moment som gjeld soveplassar, er at dei ni familiekøyene som normalt har plass til tre, berre kan reknast for ein sengeplass. Dette på grunn av avstandskravet som gjeld der ein ikkje høyrer til i same husstand. I praksis medfører dette at så lenge avstandskravet på ein meter gjeld, har Fjon berre 13 sengeplassar. Vi understrekar at unntaket frå avstandskravet som er gjeve for personar under 20 år er meint for å ikkje vere til hinder for aktivitetar under arrangement, og lokal kommunelege presiserer at det ikkje gjeld når ein skal sove på romma. (Sjå lenke nedanfor til Folkehelseinstituttet si rettleiing.) Unntak frå dette, er om dei som overnattar, høyrer til same husstand, - då kan familiekøyer eventuelt nyttast heilt ut. I tillegg kan ein nytte 7 soveplassar på hemsane på fem av romma (1 på kvart av dei tre minste romma, 2 på kvart av dei to største), samt at den store hemsen over opphaldsrommet kan nyttast til soveplass for inntil 3 på sofaer. Totalt gjev dette plass til 23, men kan eventuelt aukast opp dersom nokon av deltakarane høyrer til same husstand.

 

Leigetakar er sjølv smittevernansvarleg

Fjon Fjellkyrkje ved styret sitt bidrag, er at der på nokre punkt er sett opp handsprit samt flasker med sprit for overflatedesinfisering.

Me dette utgangspunktet er det kvar brukar som har ansvar for at smittevern blir ivareteke under eige opphald.

Dette inneber at leigetakar/brukar må

·       Utpeike ein smittevernansvarleg (forslag: Ei naturleg oppgåve for den same som ifølge ordinær ordning vert sett opp som tryggleiksansvarleg?)

·       Setje opp ei liste med namn og mobil-/tlfnr over alle som deltek i opphaldet – så sant mogeleg på førehand (dette for eventuell smittesporing og vil bli makulert etter 10 dagar).

·       Lage ein plan for korleis ein vil ivareta smittevern under opphaldet. Denne må vise korleis ein vil ivareta smittevernforsvarleg avstand under opphaldet både på dagtid og ved overnatting, samt korleis ein vil syte for nødvendig reinhald av kontaktflater og ha ein trygg handtering av mat og matservering.

Desse tre punkta er etter krav frå kommunelegen i Masfjorden, og må sendast til Fjon Fjellkyrkje på førehand, og blir sendt i kopi til kommunelegen. Send til knutfredrik@fjonfjellkyrkje.no

 

Som hjelp til god tilrettelegging vil vi vise til Folkehelseinstituttet sine råd for ‘Arrangementer, samlinger og aktiviteter’.
Sjå også sida med 'Råd for organiserte fritidsaktiviteter' og særleg avsnittet om  ‘Arrangementer og aktiviteter for barn og unge av lengre varighet’. Sjølv om desse siste er med sikte på unge deltakarar, er dei også eigna for grupper av annan karakter. Sjå også avsnittet om ‘Arrangementer som gjennomføres på serveringssteder’.

På denne sida vil ein også finne lenke til tabell for ‘Sjekkliste og verktøy for arrangør’.