Praktisk info

Antall sengeplassar:

Soverom 1 og 2 - 1.etg: 1 stk "f amiliekøye" + 1 enkel seng = 4 sengeplassar
1 stk hems for max 3 personar. Totalt max. 7 personar pr.rom

Soverom 3, 4 og 5 - 1.etg: 1 stk "f amiliekøye" med max. 3 sengeplassar
1 stk hems for max 2 personar. Totalt max. 5 personar pr.rom

Soverom 2.etg. (har ikkje vask på romma):
2 stk rom med 1 stk "f amiliekøye" + 1 enkel seng = 4 sengeplassar. Totalt max 8 personar pr.rom
1 stk rom med 2 stk "familiekøye" = Totalt max 6 personar.

Totalt 29personar på soveromma i 1.etg.
Totalt 14personar på soveromma i 2.etg.

Totalt 7stk personar på hems over peisestova (Madrassar bukes på gulvet).
Totalt kan kyrkja romma ca 50 personar for overnatting

Dette finn de av utstyr/fasilitetar:
  • Høgtalaranlegg, TV (utan antenne for mottak av progr.), video(VHS)-/DVD-spelar, projektor fastmontert- (kun med HDMI-inngang), projektorlerret transportabelt og fastmontert,
  • Piano
  • Songbøker: Rop det ut, Norsk Salmebok (få eksemplar).
  • Nattverdutstyr, gudsteneste-, liturgi- og melodibøker for den siste salmeboka
  • Bordtennisbord. Kan vera lurt å ta med racketter og ballar! Ligg litt i skap i gang v/kjøkken.
  • Utstyr for uteaktivitet: Mini-fotballmål, volleyballstativ (lurt å ta med ballar).
  • Moderne kjøkkenmed stor oppvaskmaskin, kombidamper, stor platetopp, steikeovn , mikrobølgeovn, kjøleskåp, fryseboks, kaffitraktar, vatnkokar, vaffeljern, mikser
  • Eventuelt dekketøy som vert knust, må erstattast med kr 20,- pr del.
  • Førstehjelps-skap/koffert med utstyr - heng på HK- WC i hallen.
  • Alle golv i 1. og underetg. har varmekabel. Gode toalett- og dusjanlegg. Vask på romma i soveromsfløyen (1.etg.), men ikkje i 2.etg.
  • Der er peis og vedovn. Ved ligg til bruk i vedbod v/inngang.
  • Der er puter på alle rom og nokre dyner. Hugs å ta med dynetrekk eller sovepose, laken og putetrekk.

Bruk / lån av dyner:
Der er eit antal (35) dyner til utlån for dei som ynskjer. På leigar sitt ansvar kan desse berre lånast ut til bruk om ein har medbrakt dynetrekk/laken/putevar. Etter bruk skal lånte dyner leggjast attende i avlukka oppbevaringsskap (2.etg).
Grilling - grilloverbygg:
Vi har fått utandørs grillplass med fast grillpanne og stort overbygg med sitjeplass for mange. For å nytta grillen må ein sjølv ta med nødvendig grillkol og tennvæske. Restar som står på fjellkyrkja kan brukast.