Olsokstemne 2018
I år vert den tradisjonelle Olsokstemne i Fjon Fjellkyrkje søndag 29. Juli kl 18:00.
Det vært Gudsteneste, servering av rømmegraut og kaffemat (kr 100,- Familie maks kr 300,-),
ulike programinnslag før kvelden avsluttes med bålbrenning.

Årets olsokfeiring vert arrangert av Radøy Sokneråd saman med styret i Fjon Fjellkyrkje.
Gudstenesta er ved Jens Linde.

Vi gleder oss og håpar du har lyst å dela kvelden med oss!

Vel møtt til ei flott kveld!

Kopi av Fjon Fjellkyrkje sine vedtekter som gjeld utleige:

§ 1. §1 Skipnaden "Fjon Fjellkyrkje og Ungdomssenter" i Masfjorden er ein sjølvstendig skipnad som ikkje har økonomisk ansvar for skyldnaden til andre.

§ 2. §2 All verksemd i fjellkyrkja/ungdomssenteret må vera byggjande for sjel og lekam og i samsvar med Den norske kyrkja si vedkjenning.
Det er ikkje tillate å nyta rusmiddel på staden.